– Sjekk garasjar og uthus
Kvinna vart meldt sakna frå heimen sin i Varåsen tysdag morgon.
Politiet vart tysdag morgon orientert om at ei kvinne i 60-åra var borte frå bustaden sin.
Ein stor leiteaksjon vart sett i gang. Denne har halde fram gjennom heile natta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet oppmodar folk om å sjekka garasjar, uthus, naust og hytter.
Mange frivillige frå både Norsk Folkehjelp, Norske redningshunder og Os Røde Kors deltek i aksjonen. Desse er fordelte i aktuelle søkeområde.
Politiet starta med eit søk i 300 meter omkrins kring den sakna sin bustad i Varåsen.
Søkeområdet vert stadig utvida, og det vert leita både langs vegar, i skog og mark, på sjø og frå lufta.
Kvinna vart meldt sakna av mannen tysdag morgon.
Siste observasjon av den sakna er ca. kl. 2 natt til tysdag, i kvinna sin bustad, ifølgje innsatsleiar Øystein Magnussen.
– Vi veit at kvinna har gått seg ein tur, opplyste Magnussen tysdag føremiddag.
Politiet og Norsk Folkehjelp har også søkt med dronar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klokka 18.40 tysdag fekk Os & Fusaposten stadfesta frå Hovudredningssentralen i Sør-Norge at det var sett inn redningshelikopter frå Sola i søket etter kvinna. Seinare om kvelden vart også Sivilforsvaret kalla inn.
Kvinna er 178-180 cm høg, tynn med mørkt skulderlangt hår. Ho går truleg i støvlettar og svart, prikkete skjørt.
Eventuelle tips og observasjonar kan meldast til politiet på telefon 476 96 060.