Utset julemarknaden nokre timar
Grunna kraftig vind laurdag morgon vert opninga av julemarknaden i Os sentrum utsett med to timar.
– Ifølgje vêrmeldingane vil det blåsa kraftig til litt ut på morgonen laurdag. Då vil me få problem med å setja opp dei to største telta. For å unngå problemet utset me no opninga til klokka 12.00, seier leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg.
Bra vêr elles
Han legg til at vêrmeldingane for resten av helga er greie, og at programmet elles vil gå som planlagt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det ser ut til at regnet og vinden avtar ut over helga. Me håpar folk finn vegen både laurdag og søndag, seier Lindborg.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no