Rykte ut: Brannvesenet måtte rykka ut onsdag. Matlaging viste seg å vera årsaka, og brannvesenet var kjapt på plass.

Utrykking til sentrum: — Hadde sovna frå maten

Brannvesenet rykte ut til ei adresse i nærleiken av Os sentrum onsdag ettermiddag.

To brannbilar blei observerte køyrande gjennom sentrum ettermiddag. Det viste seg å vera eit oppdrag knytt til matlaging. «Kokken» hadde blunda under matlaginga.

— Det var ein person som hadde sovna frå maten. Vedkomande fekk ikkje noko røyk i seg. Detektoren hadde slått seg kjapt inn, som han skal, og vi var raskt på plass. Det blir no lufta ut, seier varabrannsjef, Erik Walden, i Bjørnafjorden brann og redning.