Utrykking: Fekk melding om “flammar over tak”
Bjørnafjorden brann og redning er på Berge, etter å ha fått melding om pipebrann.
Det er 110 Vest som på Twitter opplyser om ein pipebrann på Berge.
Klokka 18.10 kom meldinga, og det blei i same melding opplyst at brannvesenet er på veg til staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
OPPDATERT:
Varabrannsjef Erik Walden er på staden, og fortel at det blei meld om “flammar over tak”. Då brannvesenet kom til staden, var det berre røyk å sjå.
— Det ligg ein del sot og slikt kring pipa, så vi kan sjå at det har vore brann, seier Walden og legg til:
— Det kom inn melding om pipebrann. Det er ein einebustad. Dei som bur her har gjort alt rett, og stengd av luft. No skal vi i gang med å feia, fortel Walden.
— Så de har kontroll på situasjonen?
— Ja, men det kan ta seg opp att når vi startar med å feia, seier Walden.