Ulukke: Politiet opplyser at dei to personane som var involverte i uhellet verkar uskadd.

Trafikkuhell: Førar skal ha tråkka på feil pedal

Dei to personane som var involverte i trafikkulukka skal vera uskadd. Bilen skal undersøkast.

Torsdag formiddag hamna ein personbil i ei lita steinrøys i Osstølen. Innsatsleiar i politiet, Christine Grindstein, fortel at føraren – ei kvinne i 50-åra – skal ha tråkka på feil pedal.

– Førar tok feil av gass og brems. Vi må oppretta sak i og med at ho har treft som ho har. Det kunne ha skjedd eit uhell i samband med dette feiltråkket. Heldigvis går det bra med dei som var i bilen, seier Grindstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

I bilen var kvinna og ein ung gut, opplyser Grindstein.

Ho legg til at det sannsynlegvis er ein del skader på bilen. Om han er køyrbar eller ei, vil dei finna ut av etter at brannvesenet har fått bilen opp.