Utdanning: - Stort behov for opplæring i privatøkonomi
Bankane ser ein alarmerande auke i inkassosaker blant unge. Nettopp dette er temaet for foreldrearrangementet under utdanningsmessa på Nore Neset i november.
Talet inkassosaker frå forbrukslån og kredittkort har auka med 30 prosent siste året, i vårt fylke med 40 prosent. Generelt sett har auken vore størst i aldersgruppa 18 til 25 år. Det viser tal frå inkassoselskapet Lindorff.
Ei bjørneteneste
May Sissel Syslak er banksjef i DNB, avdeling Bergen Sør. Ho skal halda foredraget på foreldrearrangementet onsdag 9. november.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Etter fleire år med lønsstiging, lav arbeidsløyse og rekordlåg bustadlånsrente, sit nok pengane lausare enn før blant mange foreldre, og det nyt mange born godt av - på kort sikt, seier Syslak og held fram:
- På lang sikt gjer foreldra borna sine ei bjørneteneste ved å læra dei at pengar "veks på tre", for det gjer dei ikkje. Pengar må tenast og sparast før dei kan brukast, og det er aldri lurt å bruka opp alt på ein gong - i alle fall ikkje meir enn du kan klara å betala tilbake.
Syslak meiner tala frå Lindorff viser at ein del unge no finn ut dette "the hard way".
- Det unner eg ingen. Det er tøft nok å etablera seg slik som det er. Difor er det viktig at dagens born utviklar gode sparevaner og sunt pengevit. Det vil vera gull verdt når dei seinare skal ut og stå på eigne økonomiske bein, seier Syslak.
Viktig input
Årets foreldrearrangement under utdanningsmessa er det fjerde i rekkja. Thorleif Eikeland i Os Lions fortel at dei med Bjørnefjorden Utdanningsmesse frå starten hadde eit "pedagogisk mål" ut over det å visa fram skular og næringsliv til ungdom.
- Me ville også gje foreldre og deira born verdifull "input" om tema som ein sjeldan tek tak i elles, eit tema knytta direkte til det å gå på skule og vera i ferd med å ta neste skritt i systemet, eller noko meir problematisk, som for eksempel ungdom og rus, fortel Eikeland.
Første året var temaet fråfall i vidaregåande skular og ungt entreprenørskap, den gongen med to føredrag same året.
- Til den andre messa hadde vi fått hjelp frå Os lensmannskontor til å presentera temaet "Ungdom og rus", og i fjor kom ein av konsulentane frå yrkesrettleiingsavdelinga i fylket og snakka om valprosessar - for å visa kor komplisert det eigentleg er blitt å velja yrke i dag, fortel Eikeland, som vedgår at frammøtet på føredraga så langt har vore beskjedent.
Artikkelen held fram under annonsen.
- No er fjerde gongen og vi håper at ungdom og økonomi kan lokka foreldra ut av godstolen og at dei tek med seg sonen eller dottera og får med seg føredraget. Eg trur banken vil koma med mange gode innspel om eit viktig tema.