Fusa vidaregåande skule er blant dei mest populære skulane i Hordaland.
Fusa vidaregåande skule er blant dei mest populære skulane i Hordaland.

Utdanning: - Søk for all del fleire skular og studieretningar

Det er inntaksleiaren i Hordaland sitt første og beste tips til årets avgangskull på ungdomsskulane.

Med 43 vidaregåande skular tilbyr Hordaland Fylkeskommune i dag kring 18.000 studieplassar. Kring 1.000 av desse står tomme.

- Det høyrest ut som me har ein del å gå på, men om me legg til at talet på klassar er på kring 1.000, ser ein at det i snitt berre er éin studieplass ledig for kvar klasse, seier leiar ved inntakskontoret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Poenget hans er at årets 10. klassingar må gardera seg når dei søkjer.

- Det finst studieplassar til alle, men om ein skal ha påverknad på kvar ein endar, bør ein få med tre ønske.

Kan bli lang veg

Etter utdanningslova skal alle elevar ha innfridd eitt av sine tre ønske. Men kva så med dei som berre har teke med eitt eller to ønske.

Nils Skavhellen har vore leiar ved inntakskontoret i Hordaland sidan 1973.
Nils Skavhellen har vore leiar ved inntakskontoret i Hordaland sidan 1973.

- I verste fall kan dei då enda opp med eit studietilbod langt borte frå der dei bur. Difor er det så viktig at ein søkjer på fleire linjer, og ikkje minst fleire skular. Osingane har mange skular i noko lunde nærleik, men om dei ikkje fyller ut alle tre ønska, kan dei i teorien få tilbod om skuleplass i Etne. Det blir ein veldig lang skuleveg, seier Skavhellen.

Populære skular

Leiaren ved inntakskontoret veit kva han snakkar om. Nils Skavhellen har hatt same jobb sidan 1973.

- Det har vore ei stor utvikling. Ikkje minst har studietilboda blitt både fleire og betre, seier han.

Om skulane i Os og Fusaposten sitt nedslagsfelt, har han berre positivt å seia.

- Fusa og Os vidaregåande skular og Os gymnas er blant våre mest populære skular.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kan du seia noko om tendensen for kva dagens ungdom søkjer i Os og Fusa?

- Dei siste åra har det vore nær 50/50 med søkjarar på studiespesialiserande (allmennfag) og yrkesretta utdanning.

- Er det nokre linjer i Os eller Fusa som har vore ekstra populære dei siste åra?

- Den nye linja Kunst, design og arkitektur (KDA) ved Fusa vidaregåande skule er blant dei mest populære av dette slaget i Hordaland, fortel Skavhellen.

TIP eit tips

Som følgje av oljekrisa har det dei to siste åra vore ein markant nedgang i talet søkjarar til Teknisk og industriell produksjon, også kalla TIP. Skavhellen trur dette vil ta seg opp.

- Nedgangen har vore så stor som opp mot 30 prosent, men no trur eg det vil snu, seier han.

- Kvifor?

- Ifølgje forståsegpåarar vil oljenæringa ta seg opp innan to-tre år. Det vil seia at om ein byrjar på TIP-linja hausten 2017, så vil ein vera nett klar til å bli lærling når ting er på veg opp igjen, så TIP er kanskje eit smart tips, avsluttar Skavhellen.