Utdanning: Jobbar for å leva av draumen
Karoline Sofie (16) har vore hekta på hest sidan ho var sju. No går ho på hestelinja for å bli sprangridings-instruktør.
Då Karoline Sofie Engelsen gjekk i førsteklasse på barneskulen, fekk ho spørsmål om ho ikkje hadde lyst å begynna på ei form for idrett.
- Eg fann ut at ballsport ikkje var noko for meg, og vurderte turn. Mamma spurte meg om eg hadde lyst til å begynna på riding. Det er eg veldig glad for i dag, det blei min store lidenskap, seier Karoline Sofie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lokal instagram-kjendis
I tillegg til at ho elskar alt som har med hestar å gjera, har ho også ein instagram-konto som stadig veks i popularitet. Bileta av Karoline Sofie Engelsen og fjordingen Etnegutten blir sett av 28.000 menneske frå heile verda.
- Det er kjekt å sjå kor langt instagramkontoen min kan nå, men det er nok ikkje særleg mykje pengar å tena på det, seier ho.
Det går likevel an å leva av hesteinteressa, og Karoline har planen klar.
Har sett seg eit mål
I august begynte ho på Stend vidaregåande skule, der dei har linja Naturbruk Hest, populært kalla "hestelinja".
- Målet er å bli sprangridings-instruktør. Eigentleg kunne eg tenkt meg å bli profesjonell sprangryttar sjølv, men då må eg vinna i Lotto først!
- Korleis det?
- Etnegutten lånar eg berre. Ein god hest kostar 200.000 kroner, og så må du betala 5.000 kroner per månad for å ha han i stall. Så rådet eg har fått, er å satsa på ei undervisnings-stilling i staden, seier Engelsen.
- Bra opplegg på skulen
Ho fortel at ho trivst godt på den nye skulen, har fått seg mange nye vener, og at ho er nøgd med undervisninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Lærarane er gode, og opplegget er bra. To dagar i veka er sett av til praktisk arbeid med hest. Riding, køyring, stalldrift, mønstring og føllhandtering, fortel ho.
Dei har 15 hestar til bruk i undervisninga, og ein del har også privateigde hestar oppstalla som dei kan bruka i undervisninga.
- Er det mange osingar som går der?
- Det er i alle fall éi til i min klasse. Storesøstera mi, Marielle, går i tredje klasse. Eg sit på med henne til skulen kvar dag. Det er praktisk at skulen ligg såpass nær Os, seier ho.
Alternativet ville vore Voss, og då måtte ho ha flytta på hybel eller internat.
Vegen vidare
Sjølv om ho berre har gått to månader på Stend, har Karoline Sofie også tenkt på kva ho vil etter vidaregåande, og korleis ho skal nå målet om å bli ridelærar-instruktur.
- For nokre veker sidan besøkte me Norsk Hestesenter på Starum. Der skal eg prøva å koma inn etter vidaregåande. Der har dei ridelærar-utdanning, seier ho.
Ein kjem nemleg ikkje direkte frå skulebenken til ei stilling som instruktør innan sprangridings-sporten.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg må nok vera innstilt på å jobba meg litt oppover. Eg satsar på å bli ridelærar først, og så får me sjå etter kvart, seier ho.
- Har du tenkt på kor du har lyst til å ha arbeidsplassen din?
- Så langt har eg ikkje kome - men kanskje Moldegaard? Rideskular har dei også i Lysefjorden, i Fana og på Sletten. Så eg trur ikkje det blir for vanskeleg å finna ein jobb, seier ho.