Utdanning: Ein lærling som tek tak
Eirik Mosaker har berre vore i yrket i to månader. Likevel er han fast bestemt på at det er taktekkar han vil bli.
- Eg stortrivst med gjengen i Fløysand Tak. Både miljøet og arbeidet er heilt perfekt for meg. Eg kosar meg på jobb, strålar unge Mosaker.
Tilfeldig
Me møter 21-åringen på toppen av eit flatt tak i Solstrandvegen. Her har han jobba nokre dagar i lag med resten av teamet sitt i taktekkarfirmaet. Snart er jobben gjort. Då har tre flett nye einebustadar fått tett, flatt tak.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har varierte og spennande arbeidsoppgåver, og eg lærer stadig noko nytt. I tillegg får me nyta fin utsikt, som på dagar som denne, smiler Mosaker og kikkar utover den blikk stille fjorden utanfor Solstrand.
At han no jobbar med tak, kallar han ein heldig tilfeldigheit.
- Etter to år ved tømrarlinja ved Os vidaregåande skule søkte eg i første rekkje på lærlingplass som tømrar, men ein kompis av meg tipsa meg også om å søkja hos Fløysand. Det er eg svært glad for i dag. Eg vil mykje heller bli taktekkar enn tømrar, seier 21-åringen.
Håpar på fast jobb
Ungguten frå Borgavegen er den ferskaste lærlingen i firmaet. Frå før av hadde dei fire andre.
- Dei har eit bra opplegg og me blir følgd opp. Éin gong i månaden har me felles trening i øvingslokale i Kolskogen. Elles er me ute i felten og jobbar. Berre til no har eg vore i Os, på Askøy, på Knarvik og fleire plassar i Bergen. Det er eit kjekt frynsegode å få sjå fleire plassar, seier Eirik nøgd.
Han har håp om å få bli lenge i taktekkarfirmaet i Os.
- Først skal eg gjera unna to år med lærlingtid. Etter det håpar eg å ha gjort eit såpass bra inntrykk at eg kanskje kan få fast jobb. Eg blir i Fløysand Tak så lenge dei vil ha meg, eg, smiler lærlingen som utan å lyga kan skryta på seg å alltid ta i eit tak.
Rekrutterer frå eigne rekkjer
Eirik Mosaker og resten av lærlingane ved Fløysand Tak har gode utsikter for å få fast jobb i firmaet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har satsa mykje på lærlingar frå første stund. Ein av grunnane til det er at me vil ta samfunnsansvar og bidra til at ungdom i bygda får lærlingtilbod. Den andre grunnen er rett og slett at me ønskjer å utdanna fleire taktekkarar, og me ønskjer å rekruttera nye arbeidstakarar frå eigne rekkjer, seier dagleg leiar i Fløysand Tak, Jan Espen Larsen.
For komande generasjonar held han også døra open.
- Nett no er ti prosent av alle våre utegåande arbeidarar lærlingar. Det er ein relativ stor del, men det er også ei fordeling me heilt bevisst har lagt til rette for. Også i tida framover vil me ta imot mange lærlingar. Interessert må gjerne ta kontakt, avsluttar Larsen.