Uroa for planlagt bilauke ved barnehagar
- Det må etablerast fartsdumpar før det skjer ei ulukke, skriv styrarane ved Kuvntræ og Ulvenvatnet barnehage til i eit brev til Os kommune.
Grunnarbeidet på tomta som i framtida skal husa Os ASVO og teknisk drift i Os kommune, er godt i gang. Bygningen er venta stå ferdig hausten 2016.
Vil få rushet rett forbi
Like ved, ligg dei to Espira-barnehagane Kuventræ og Ulvenvatnet barnehage. Styrarane for barnehagane, Karianne Moberg og Katharina Søreide, har no sendt felles brev til kommunen med tanke på trafikkveksten den nye naboen vil gje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er nemleg planlagt tre nye avkøyrsler til og frå det nye området og rundt 80 parkeringsplassar, samt avstigningsfelt for foreldre som køyrer borna til skulen. Med andre ord er det lagt opp vekst i talet bilar som skal passera dei to barnehagane.
- Dette vil medføra ein sterk vekst av trafikk forbi Espira Kuventræ, noko som kan skapa farlege situasjonar, skriv dei.
- Det er 30-sone fordi barnehagen i dag, og det er me veldig nøgde med, men dessverre er det få bilar som held fartsgrensa, heiter det vidare i brevet, som er datostempla 27. november.
Sterkt ønske om fartsdumpar
Dei nemner at politiet har vore på besøk for å utføra fartsmåling, men det var ikkje mogleg å gjennomføra målinga pga. kurver i vegbanen. I staden ber dei no om andre fartsreduserande tiltak.
- Me har eit sterkt ønske om at det no vert etablert fartsdumpar nedover vegen, før det skjer ei ulukke, skriv dei.
Ifølgje barnehagestyrarane strir dette ønsket mot nabo Lyssand gartneri, som har transport til og frå sin lagerbygning. Styrarane føreslår alternativt at den første fartsdemparen kan plasserast etter deira innkøyrsel.
- På den måten kan me løysa dei farlege situasjonane for oss, og alle borna som ferdast langs vegen ved barnehagen, konkluderer dei.