Urinerte ved taxihalde-plassen

- Det er nok mange som kan kjenna seg trengd mot slutten av kvelden, men ein kan likevel ikkje setja seg ned å gjera sitt fornødne kor som helst. Denne kvinna sette seg ned like ved folka i taxi-køen. Dermed var tenestemenna våre nøydd til å ta affære, seier førstepolitibetjent Audun Hadler Olsen.

Kvinna er meldt for urinering på offentleg plass, og kan venta seg ein bot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein annan som kan venta seg bot etter ut-turen i Os sentrum denne helga er ein mann i 30-åra.

- Han var involvert i ein episode med litt knuffing og nekta å oppgje personalia til politiet. Dette er han no meldt for, fortel Halder-Olsen.

Eksplosjon

Os lensmannskontor hadde promillekontroll på Byvegen natt til laurdag, men den einaste mistenkte for promillekøyring denne helga støtte Os-politiet på på ein annan plass.

- Under kontrollen blåste alle me stoppa til grønt, men natt til søndag stoppa betjentene våre ein mann i 20-åra i Os sentrum. Han viste teikn til å vera rusa og vart difor køyrd til legevakta for blodprøve, fortel Hadler-Olsen.

Av andre episodar i helga nemner førstepolitibetjenten ein eksplosjon på Søfteland.

- Me var ute på ein gasseksplosjon på eit kjøkken på Søfteland. Ingen vart alvorleg skadde under eksplosjonen, men me var på plass for å gjera undersøkingar og kvifor det skjedde, fortel Hadler-Olsen.