I tertialrapporten frå 1. september rapporterer rådmann i Fusa, Berit Fløisand, om eit urealistisk høgt skatteanslag. (Arkivfoto)
I tertialrapporten frå 1. september rapporterer rådmann i Fusa, Berit Fløisand, om eit urealistisk høgt skatteanslag. (Arkivfoto)

- Urealistisk høgt skatteanslag

Fusa kommune har ifølgje rådmannen budsjettert med eit urealistisk høgt skatteanslag. Kommunen ligg an til eit avvik i skatteinntektene på 2,4 mill. kroner.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kjem fram i tertialrapporten frå 1. september.

Ifølgje rapporten har Fusa kommune vore litt for optimistisk då ein sette opp budsjettet for 2015. Kommunen budsjetterte med skatteinntekter på vel 97,65 mill. kroner. Men ein prognose for resten av året viser at skatteinntektene truleg ikkje vert meir enn 92,3 mill. Det vil seia 5,35 mill. mindre enn budsjettert.

- Prognosen på 92,3 mill. viser ein vekst i skatteinntektene på 2,9 prosent samanlikna med 2014. Veksten er likevel for låg i forhold til det som er lagt til grunn i budsjettet, heiter det i rapporten.

Tek ein med kompensasjonen kommunane fekk i revidert nasjonalbudsjett grunna låg skatteinngang, samt inntektsutjamninga, ligg Fusa kommune an til ei mindreinntekt på skatt i 2015 på 2,4 mill. kroner.

Store utfordringar

Ifølgje rapporten har fleire av einingane i kommunen store utfordringar med å koma i balanse. Alt i 1. tertialrapport rapporterte barnehageeininga om eit avvik på 470.000 kroner og teknisk drift med eit overforbruk på 350.000 kroner.

Også undervisingeininga ligg noko høgt på forbruk, men ved å gjennomføra tiltak som ikkje å setja inn vikar ved kortidsfråvær og å halda ei 85 prosent stilling vakant, ventar eininga å koma i balanse innan utgangen av året.

1. juni vart einingane Heimetenester og Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) slegne saman til ei eining med namn Pleie og omsorg. I tertialrapporten fortel eininga om ein krevjande driftssituasjon med overbelegg, rekrutteringsvanskar og omorganiseringar.

- Forbruket på FBBS er for høgt. Årsaka er hovudsakleg at ein ikkje har lukkast med å stengja fire plassar som planlagt. Presset frå heimebuande med høgt pleie-, omsorgs- og tilsynsbehov er, slik det ser ut no, stort og aukande, heiter det i rapporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

På grunn av samanslåinga vert lønsutgiftene i andre halvdel av året lågare. Administrasjonen i einingane er redusert med til saman 1,5 årsverk dei to siste åra.

- Det er gjort mange andre endringar for å tilpassa drifta til budsjettet for 2015, men det oppstår stadig endringar i brukarbehovet.

I tillegg til utfordringane i einingane, har kommunen sett av 7,85 mill. kroner til å betala avdrag på gjeld. Det er 0,25 mill. kroner for lite.

Meir eigedomsskatt

Nokre lyspunkt er det. Kommunen har budsjettert med 13,15 mill. kroner i inntekter frå eigedomsskatt i 2015. Per i dag ser inntektene ut til å verta 13,46 mill. kroner. Altså om lag 300.000 kroner meir enn budsjettert.

- Årsaka er retaksering av verk og bruk og bortfall av botnfrådraget, kjem det fram i rapporten.

Lønsavsetjingsposten til kommunen ser dessutan ut til å vera for stor.

- Lønsoppgjeret i år er eit mellomoppgjer, og det er ein del ledige midlar på lønsavsetjingsposten. Kor mykje det er snakk om vil først vera kjent i desember, men pengane kjem godt med som ei motvekt til det høge skatteanslaget, konkluderer rådmannen i rapporten.

Tertialrapporten skal handsamast av Fusa formannskap førstkomande onsdag.