UP med promillekontroll på Halhjem
Stilte seg opp torsdag ettermiddag.
Kring kl 15 torsdag kontrollerte UP 18 personar i ein promillekontroll på Halhjem. Ingen reaksjonar, vart resultatet.
Vel kl 13 gjennomførte UP ein adferdskontroll i Lepsøykrysset ved stoppskilt. Det vart skrive ut eitt forenkla foørelegg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein halvtime seinare same dag, var det ein person som melde om køyretøystans i Tøsdalsskiftet.
– Bilen ble ståande i busslomma med naudblink. Bileigar ville sørgja for å få bilen fjerna snarast, opplyser vakthavande.
Torsdag kveld mottok politiet melding frå Vegtrafikksentralen om eit køyretøy som hadde punktert i Lyshorntunnelen. Bilen stod i enden av tunnelen og blei fjerna straks den var på hjul att.