UP hadde tre kontrollar i Os onsdag
Hadde med seg Os-patruljen på to av desse.
Onsdag mellom kl 16 og 19 gjennomførte UP ein trafikk-kontroll ved Røykenes på Byvegen. To førarar fekk forenkla førelegg. Høgaste fart målt var 71 km/t.
Mellom kl 20.30 og 22.30 hadde UP og Os-patruljen laserkontroll i Endelausmarka i retning Halhjem. Her var det ingen reaksjonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Pen køyring, oppsummerer politiet.
Seinare same kveld vart det gjennomførd promillekontroll på Halhjemsvegen. Her var det heller ingen reaksjonar.