UP fekk “fisk i garnet” på gamle E39
Kan henda bilistane på gamlevegen er blitt for godt vane.
For frå kl 19.15 til 20.30 torsdag mista to bilistar førarkortet i 70-sona ved Kaland.
Ein bilist køyrde i 116 km/t, den andre i 111 km/t.
Artikkelen held fram under annonsen.
Begge førarane fekk også eit førelegg på 14.500 kroner kvar.
Totalt vart det delt ut fem førelegg, opplyser politiet på Twitter.