Unni har vore på Skorpo kvar sommar i 59 år: - Før fekk me utdelt eit målingsspann når me kom
— Her vil det kry av folk i sommar, det er sikkert, seier Unni Aanes.
På glitrande, blågrønt vatn ligg ein rosa flamingo med fleire born skrikande og leande oppå. Ved den vesle stranda sit foreldra på ein benk i solskinet og nyt dagen. Dette er badevika på Skorpo.
Strandsona her blir brukt som friområde og er ope for alle. Ei som har vore her fleire gonger enn nokon andre i badevika denne dagen, er Unni Aanes.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Eg er meir eller mindre vaksen opp på Skorpo, smiler Aanes.
Ho har nemleg vore her kvart år heilt sidan ho var lita, og ho har opplevd både store og små hendingar på øya, samt fleire ulike eigarar.
— Bestefaren min var bestyrar her etter krigen og fram til Sundt døydde, fortel 59-åringen.
Då Fridtjof Sundt døydde i 1922, var det Posten som kjøpte paradiset i 1923 og brukte eigedomen som feriestad for tilsette. I 2005 kjøpte tidlegare Os kommune eigedomen, medan delar av området vart overteke av private utbyggjarar.
Vedlikehald
Aanes var mykje på øya også då Posten var eigar.
— Den gongen fekk du tildelt ei hytte og eit målingsspann eller ei anna oppgåve, og så var det det du skulle gjera.
Kvar dag var det middag klokka to presis, med tre rettar og Gjendekjeks til dessert. Ho hugsar tida godt, og fortel med eit varmt smil om munnen.
— Dette er jo ein nydeleg stad med så mange minne. Før var det jo alltid Skorpiade, ein stor folkefest med masse konkurransar på øya, fortel Aanes.
Artikkelen held fram under annonsen.
59-åringen er her framleis kvar sommar, og det vil ho halda fram med. No er det ikkje like ofte som før, men ho fortel at ho i alle fall alltid er her ei helg i juli, om ikkje meir.
— Det blir nok eit spesielt år i år med endå meir folk enn vanleg, men det er berre kjekt, det. Folk må jo berre koma til ein så nydeleg plass, smiler Aanes.
Første gong
Nokre gjester i badevika er her for første gong, deriblant Aron som har funne vegen til stupebrettet. Der kosar han seg med fleire andre. Han er glad for å få oppleva Skorpo.
Andre sit og nyt sola på benken, og fortel at dei i sommar vil passa på å vera tidleg ute for å få plass, då det fort blir fylt opp.
Førre helg var godt og vel 25 båtar innom samstundes og åtte telt var å sjå, så det er liten tvil om at plassen vert flittig brukt.