Unngjekk kokevarsel
Vassproduksjonen går som normalt, og Os kommune unngjekk kokevarsel.
- Vi har i natt klart å forsyna alle abonnentar som får vatn frå Os VBA via høgdebasseng fra kl. 22.00 onsdag til kl. 07.00 torsdag. Dette klarte vi fordi vi hadde dyktige folk som regulerte vass-straum og trykk på nettet kontinuerleg utover heile natta, skriv kommunen på sine heimesider.
På den måten unngjekk ein også kokevarsel.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Så ei spennande natt er over og vassproduksjonene går no som normalt, kan kommunen melda.
På nettsida vert det lagt til at Os kommune stadig får ei sikrare vassforsyning gjennom god drift og nybygging/rehabilitering av VA-anlegg.