Unikt samarbeid mellom ungdomskulane i Os
Nore Neset og Os ungomdsskule samarbeider tett om å utvikla elevane i bygda.
Dei to ungdomsskulane er med i «Ungdomstrinn i utvikling» (UIU), som er ei nasjonal satsing med tilbod om støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing, rekning, lesing og skriving.
Rektor ved Nore Neset skule Anne Fristad var tilstades i tenesteutvalet onsdag, saman med Hilde Drange Veglo og Gry Janne Hovland frå Nore Neset ungdomsskule, og Kari Berge frå Os ungdomsskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi utarbeider planar og samarbeider tett, seier Fristad og legg til:
- Eit slikt samarbeid på tvers av ungdomsskular er nesten unikt. I Os er vi komne mykje lengre enn veldig mange andre skular som held på med dette. Andre er overraska over at vi jobbar så tett.
Lesing er viktig i alle fag
Satsinga UIU har tre sentrale virkemiddel - skulebasert kompetanseutvikling, lærande nettverk og pedagogiske ressursar. I Os er det lesing i alle fag som er satsingsområde.
- Det er som når du pussar opp heime. Har du starta med stova, så ønskjer du å halda fram med resten. Vi har valt å starta med lesinga, og jobba ut i frå det. Etter kvart skal vi i gang med "lesson study" der fleire lærarar planlegg timane. Etterpå skal ein lærar ha timen, medan ein annan observerer, seier Berge.
Tenesteutvalet fekk også eit eksempel frå Drange Veglo på korleis det vert jobba med fokus på lesing, og resultat av det.
- Eg er studieinspektør, og lærar i engelsk og kunst og handtverk, fortel Drange Veglo.
- Dei fleste tenkjer at lesing angår norsk, engelsk og samfunnsfag, men det er lesing i alle fag. Til og med kunst og handtverk.
Stor framgang på to timar
Drange Veglo har den siste tida jobba med arkitektur i ei kunst- og handverksgruppe på 8. trinn, der lesing har vore ein sentral del av jobbinga. Studieinspektøren viste fram ei planteikning, og fortalte at elevane fekk fem minutt på seg til å teikna rommet sitt i fugleperspektiv. Dei skulle plassera alt frå vindauge til seng og rot. Etter det jobba dei med begrepa i planteikningar, fordi det er mange som fell av grunna manglande begrepsforståing.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var tydeleg at det var ein del omgrep i desse teikningane som var ukjende for elevane. Dei visste til dømes ikkje kva himling var for noko.
Elevane jobba først åleine, så i par, før seansen blei avslutta i plenum. Til slutt fekk dei i oppgåve å laga ei ny planteikning over ein etasje i huset ved bruk av ruteark. Forskjellen frå den første teikninga var heilt utruleg, og dette gjorde vi på ein dobbeltime, seier Drange Veglo.
Dyktige ressurslærarar
Dei politiske representantane let vel over det som blei presentert.
- Ein kan ofte sjå på entusiasmen til dei som presenterer noko om dette er noko som fungerer. Engasjementet dykkar viser at dette er noko de har stor tru på, seier Eirik André Hesthamar (Frp).
- Eg blei entusiastisk av å høyra på. Veldig positivt å høyra om delingskulturen mellom skulane, seier Gisle Hesjedal (Ap).
Fagsjef for skule og barnehage seier at det er utviklingsorienterte lærarar i Os.
- Vi er heldige som har så dyktige ressurslærarar i Os.