Leiar for Os Unge Høgre, Henrik Vågen (bak i midten), seier at det er viktig at ungdom engasjerer seg, for og kunne vera med å utforma politikken.
Leiar for Os Unge Høgre, Henrik Vågen (bak i midten), seier at det er viktig at ungdom engasjerer seg, for og kunne vera med å utforma politikken.

Ungdomspartia på frammarsj i Os

Like etter at AUF etablerte seg i Os, arrangerte Os Unge Høyre sitt første medlemsmøte. Målet er at dei yngre skal setja dagsorden i kommunen framover.

- Me må hjelpa kvarandre opp og fram i politikken. Os trenger fleire yngre stemmer. Skal me vera med og utforma politikken, må me også engasjera oss, seier leiar av Os Unge Høyre, Henrik Vågen.

Ibuande engasjement

Det står ikkje på ambisjonane hos den nyvalde leiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I sommar skal me på sommarleiren til Unge Høyre. Etter det skal me vinna valet for Høyre på Os, seier en engasjert Vågen.

Os Unge Høyre har på kort tid klart å etablera ein medlemsmasse. På møtet onsdag dukka det opp nye medlemmer, i tillegg til folk som ikkje er medlemmer, men som ønskte å sjå kva dette dreier seg om.

- Me merkar at det er eit ibuande engasjement for å setja ungdomspolitikk på dagsorden hos dei yngre, fortel Vågen.

Snøballeffekt

Phillip André Charles frå arbeidsutvalet i Hordaland Unge Høyre hadde med seg leiar i Bergens Unge Høyre, Anine Frølich, og organisasjonssekretær Johan Hultén til Os. Dei var veldig imponerte over kva Os Unge Høyre har fått til på så kort tid.

- Me ser at vener tar med andre vener på medlemsmøte. Det vert ein slags snøballeffekt som er veldig spanande å følgja med på. Det er ingen tvil om at dei yngre på Os vil ha meir Høgre-politikk, seier Charles.