Ungdomskonsert i kyrkja
Arbeidsgruppa Bygdeutvalet i Hålandsdalen arrangerte laurdag kveld ungdomskonsert i Holdhus gamle kyrkje. Her var det ungdom frå heile Fusa som stod for musikken.
Representantar frå Fortidsminneforeningen var til stades og dei var fulle av lovord om dei flinke musikantane.
- Det var ein svært stemningsfull konsert og ungdomane var utruleg flinke, sa dei som hadde teke turen til kyrkja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Medverkande var Vegard Fosså (song og gitar), Elena Dale Midtun (song), Sylvia Øygard (song), Arne Johan Kartveit (gitar), Even Engevik Lygre (gitar), Idar Rolland (piano og song), Hanna Øygard (piano) og Idun Øvredal (saksofon).