Ungdom skal ha luska i hage natt til søndag. Melder hevdar å ha video av dei
I 4-tida natt til søndag skal eit par ungdomar ha blitt fanga opp av eit videokamera, då dei “luska kring huset”.
Politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand, skriv i ein e-post om hendinga frå helga.
— Kring klokka 14.50 tok meldar kontakt med politiet og forklarte at han hadde observert to ungdomar som luska kring huset hans ved 4-tida. Meldar sa at han hadde videokamera som fanga dei opp, og at han ikkje kunne sjå at dei tok noko. Vedkomande ville ta kontakt med politiet om dei kom attende, skriv Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rusa mann utanfor butikk
Søndag formiddag fekk politiet melding om at fleire bilar var innesperra på ein parkeringsplass nord for sentrum.
Ti slutt skal det ha lukkast å få tak i eigar av bilen og problemet vart løyst.
Natt til laurdag kom det inn melding om ein rusa person som låg på bakken ved Coop Extra i Os sentrum.
— Politiet fekk mannen i marsj og han sa at han ville gå heim og leggja seg, skriv Lyssand.