Ung mann måtte forlata adresse etter ordensforstyrring
Ein mann og ei kvinne fekk torsdag pålegg om å halda seg borte frå kvarandre til klokka 08.00 dagen etter.
Det var i 20.30-tida at politiet blei kalla ut til ei adresse utanfor Os sentrum. Der var det meld om ordensforstyrring. Ein mann og ei kvinne i 20-åra var involverte.
— Begge fekk pålegg om å halda seg borte frå kvarandre fram til klokka 08.00 til dagen etter, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tjuveri
Litt tidlegare torsdag kveld, i 19.30-20.00-tida skal ein elsparkesykkel ha blitt stolen frå Kuventræ Idrettshall. Det skal ha vore ulåst på staden.