Ung mann fekk førarkortet beslaglagt
Blei stoppa i januar mistenkt for køyring i rusa tilstand.
Ein mann i starten av 20-åra blei stoppa 27. januar i Bergen mistenkt for køyring i rusa tilstand. Det blei oppretta sak.
— Førarkortet blei onsdag beslaglagt og levert til politiet, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare opplyser politiet om at dei onsdag formiddag fekk melding om at nokon hadde vore inne i Fjellheim. Det er snakk om både innbrot og hærverk.
— Uvedkommande har vore inne i lokalet og spraya kring seg med eit brannsløkkingsapparat og gjort store materielle skader. Kommunen vil melde forholdet, skriv Lyssand i ein e-post.