Brannbilane treng heile vegbanen på Tøsdal dersom ulukka er ute.
Brannbilane treng heile vegbanen på Tøsdal dersom ulukka er ute.

- Uforsvarleg parkering

Mange nyttar finveret i pinsen til tur på fjellet. No kjem brannvesenet med hjartesukk om parkeringen til dei turglade.

På Tøsdal i dag stod det bilar tett i tett langs vegen inn mot foten av Tøsdalsfjellet.

- Uforsvarleg parkering, konstaterer Os brann, beredskap og legevakt på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fryktar for redusert framkommelegheit.

- Ved brannutrykning inne på Tøsdal ville vi hatt store problem med å koma fram. Dei store brannbilane treng tre meter breidde eller heile vegbanen der inne, kommenterer dei.

- Husk dette og hjelp oss fram, er den klare oppmodinga til dei som har med seg bil.