Ufin mot tilsette og politiet
Torsdag kveld måtte politiet rykka ut til Kafe Engeline for å ta hand om ein mann som var rusa.
– Mannen var godt full. Han var ufin mot tilsette og då patruljen kom var han aggressiv mot dei også. Han vil bli meldt for dette, samt ordensforstyrring og for ikkje å etterkomma pålegg frå politiet, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.