Illustrasjonsfoto Colorbox.dx
Illustrasjonsfoto Colorbox.dx

Ubåt i Bjørnefjorden

Ein fusing ana uråd då han observerte ein ubåt i Bjørnefjorden tysdag ettermiddag.

Vedkomande kontakta difor Fusa lensmannskontor som sjekka saka vidare. Ubåten viste seg då å vera norsk og ikkje russisk, slik dei brukte å vera på 80-talet.

- Men vi er glade for at folk melder frå, seier politioverbetjent Ove Ivarhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vannscooter

Lønnevågen: Vi held oss i det våte element, for politiet i Os fekk tysdag melding om uvetig køyring med vannscooter i Lønnevågen på Strøno sist helg. Regelen er slik at ein må 400 meter ut frå land før ein kan gje fart. Nærmare enn dette er fartsgrensa fire knop.

- Vi har meldt saka vidare til politibåten og bede dei ha oppsyn med dette vidare, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Børning

Ulven: Nok ein gong har politiet i Os fått melding om børning utanfor Lidl-lageret på Ulven leir. Denne gongen gjeld det ein BMW. Politiet vurderer å stengja av området for uvedkomande.

Dekk ramla av

Storestraumen: I 15-tida i går mista ein bil med hengar eine dekket ved Storestraumen. Til alt hell kom UP raskt til staden og fekk hjelpt vedkomande på med dekket att.

Moped utan lys

Flåten: Ein mopedførar vart stansa ved Flåten like før midnatt onsdag kveld. Mopeden mangla lys både foran og bak, og føraren fekk difor eit forenkla førelegg som han vedtok på staden.

Ingen bøter

Bergegrend: Tysdag vart 35 køyretøy kontrollerte ved Bergegrend. Det vart gjeve nokre muntlege pålegg, men ingen bøter. Kanskje fordi det denne gongen ikkje var fartskontroll, men berre kontroll av køyretøy.

Syklist tryna

Havsgård: Ein uheldig og vaksen syklist "tryna" i vegen ved Havsgård tysdag morgon. Vedkomande vart frakta til Haukeland Universitetssjukehus i ambulanse. Han viste seg å ha lettare skader. Ingen andre køyretøy var involvert.

Førarlaus hest

Holmefjord: Politiet i Fusa fekk torsdag morgon fleire meldingar om ein hest som sprang i fri dressur på hovudvegen i Holmefjord. Politiet fekk fatt i eigaren som var raskt ute og henta hesten.