Os berga eitt poeng mot Staal Jørpeland med ti mann på banen.
Os berga eitt poeng mot Staal Jørpeland med ti mann på banen.

Uavgjort med ti mann på banen

Trass ei utvising i første omgang, klarte Os å halda Staal Jørpeleand på armlengdes avstand. Kampen på Kuventræ i ettermiddag enda 2-2.

Os tok leiinga i kampen etter nesten 20 minutt. Endre Brenne sette inn den første fulltreffaren etter ein retur på eit skot frå Knut Spangelo Haga.

- Første omgang var relativ bra, seier kaptein Torkel Hjertnes, som vart kåra til dagens osing på Kuventræ i ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjestene utlikna kort tid etter 1-0-skåringa til Brenne. Deretter fekk Marius Mikkelsen sitt andre gule kort, og vart sendt av banen.

- Det var litt strengt. I alle fall det første gule, meiner Hjertnes.

Trass éin mann mindre, klarte Stian Lunde å setja ballen i mål for heimelaget. Os gjekk dermed til pause med 2-1-leiing.

Utlikna i slutttminutta

Andre omgang bar preg av at osingane var i mindretal.

- Vi skapar ikkje så mykje. Vi vert liggjande å forsvara oss heile tida, oppsummerer Hjertnes.

Kapteinen synest likevel at lagkameratane gjer ein kjempeinnsats.

- Vi vinn mange duellar, og legg bak oss mange kilometer på banen, seier han.

Då er det ekstra kjedeleg at gjestene klarar å utlikna tre minutt før slutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var fortjent. Det viktigaste er at vi tek poeng, men det er sjølvsagt kjedeleg når vi er så nære ved å vinna.

Neste kamp er i Haugesund 5. oktober. Då møter Os ein av dei tøffaste motstandarane på tabellen.

- Det er sannsynlegvis Haugesund 2 som kjem til å rykka opp, men vi skal gjera vårt beste for at dei ikkje gjer det, seier Hjertnes.