Tyskregistrert “mopedbil” skapte kø og irritasjon
Tysk turist på veg sørover skal ha blitt eit irritasjonsmoment for fleire i trafikken.
Det var fredag formiddag at ein “moped-bil” med tre hjul skapte kø og irritasjon på E39 i retning Halhjem.
— Det blei meldt om ein bil som køyrde sakte og skapte lange køar. Det viste seg å vera ein tysk turist på veg sørover, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.
Artikkelen held fram under annonsen.
Turisten blei sterkt oppmoda om å sleppa bilar forbi om han registrerer at han har fått lang hale i trafikken.