TV-aksjonen: Kvart 3. sekund blir ei jente gifta bort ein stad på kloden
Årets tema for TV-aksjonen er «Barn, ikkje brud».
Årets TV-aksjon er tildelt Plan Noreg, og deira kamp mot barneekteskap. Pengane skal gå til prosjekt i fem innsatsland (Bangladesh, Nepal, Mali, Malawi og Niger) der barneekteskap er utbreidd, og der barneekteskap er vorte eit endå større problem det siste halvtanna året.
– Under pandemien har skular måtte stengja ned, fattigdommen aukar og foreldre er ytterlegare pressa til å måtta gifta bort døtrene sine, seier Marthe Jansen, fylkesaksjonsleiar i Vestland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel at jenter som opplever å bli gifta bort har større risiko for å bli utsette for vald og overgrep av partnaren sin. Dei går også glipp av skulegang, utdanning, leik og moro.
– Konsekvensane av barneekteskap er brutale, både for jentene, familiane og lokalsamfunnet, seier Jansen.
Ho er glad for at bøsseberarane igjen kan gå frå dør til dør i årets aksjon. No håpar ho at flest mogleg stiller opp som frivillige.
– For kvar person som er med for årets TV-aksjon, kan Plan gjera ein endå større jobb i kampen mot barneekteskap. Vi både håpar og treng at du blir med, seier Jansen.
TV-aksjonen NRK Plan 2021 «Barn, ikkje brud»
• Årets TV-aksjon går til Plan International Noregs arbeid mot barneekteskap.
• Skal hindra at jenter blir gifta bort i Bangladesh, Nepal, Mali, Malawi og Niger.
• Skal nå ut til tre millionar menneske.
• Målet er at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i rettane til jenter og i likestilling og at lovverket skal verna barn frå å bli gifta bort.