(
(

Trygg - men sjokkert

Minst 120 personar er stadfesta døde i terroangrepa i Paris. Osingen Mathilde Sophie Sperrevik (24) er på jobb i den franske hovudstaden.

Sperrevik er på jobb som bartender i Frankrikes hovudstad. Os og Fusaposten har ikkje lukkast å få tak i ho i natt. På Facebook har ho lagt ut ei melding til venar og familie.

- Takk for alle meldingane. Eg er trygg på jobb, og rørt over kor mykje de bryr dykk. Fredag den trettande har verkeleg vore den verste fredag den trettande. Eg er i sjokk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omfanget av terroren er i skrivande stund ikkje kjent. Det er meldt om så mange som sju koordinerte terroraksjonar. Dødstalet stig framleis.