God stemning når ordføraren stemmer på heimebane.
God stemning når ordføraren stemmer på heimebane.

Trur på fire nye år

Sjølv ordførar Terje Søviknes måtte fram med legitimasjonen då han røysta på Lysekloster skule i føremiddag.

- Eg har sove godt i natt, men eg er veldig spent på korleis det går med oss i dag, seier ein dresskledd Terje Søviknes etter å ha gjort si borgarplikt.

På dei minutta han brukte inne i stemmebåsen, rakk han nok både å kummulera seg sjølv og føra opp ein og annan slengar frå eit anna parti,

Artikkelen held fram under annonsen.

- Jobben din har stått på val fire gonger før. Er du nervøs for å verta arbeidsledig før kvelden er omme?

- Nei, det er eg ikkje. Skulle eg mista jobben, så vil det no alltids ordna seg. Men eg har svært lyst til å levera på vegner av Framstegspartiet. Det er no ein gong slik at Os har vorte eit symbol for resten av landet, seier han.

Kjeft frå Siv?

- Får du kjeft av Siv Jensen om det går dårleg?

Han blir lenge nok i stemmebåsen til å føra på nokre slengarar frå andre parti. Spørsmålet er kven?
Han blir lenge nok i stemmebåsen til å føra på nokre slengarar frå andre parti. Spørsmålet er kven?
Medan andre politikarar er utslitne etter ein lang og krevjande valkamp, får Terje Søviknes energi av heftige ordskifte, stemmesanking og lesarbrev-skriving.
Medan andre politikarar er utslitne etter ein lang og krevjande valkamp, får Terje Søviknes energi av heftige ordskifte, stemmesanking og lesarbrev-skriving.

- Nei, det gjer eg ikkje. Ho sende meg seinast ein sms i går og ynskte lykke til, smiler han.

Søviknes vedgår at det har vore ein krevjande valkamp for partiet på landsplan.

- Eg vil ikkje seia at det har gått dårleg, men vi har heller ikkje gjort nokon god valkamp, seier han.

- Bergens Tidendes meiningsmåling torsdag viste at opposisjonen nærmar seg?

- Meiningsmålinga har berre motivert oss til å stå på endå meir og mobilisera fram mot valdagen. Eg trur dette skal gå bra for oss. Opposisjonen sprikar i såpass mange retningar at eg tvilar på dei representerer noko reelt alternativ.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det einaste dei eigentleg er samde om, er å få vekk Frp og underteikna, smiler han.

Klar til forhandling

Etter mange veker med Fjordland-middagar og frosen-pizza har Søviknes i dag tenkt å unna seg ein betre middag ute, før Frps valvake startar på Solsiden utpå kvelden.

- Valet er snart over, men dagane framover blir ekstremt viktige. Spesielt på fylkesplan der konstellasjonane ser ut til å skifta. Då gjeld det å vera klar til forhandlingar alt i løpet av natta, seier han.