Trur ikkje ho vil brenna inne med ved
I går fekk Plantasjen inn 20 pallar med vedbrikettar, og i neste veke kjem det 100 pallar med bjørkeved. – Om kuldeperioden held fram, vil vi i alle fall ikkje brenna inne med ved, seier butikkleiar Renathe Ravnskog.
Søndag gjekk dei tom for bjørkeved på Plantasjen. Dei har framleis mykje tennbrikettar att, men det er ikkje primært det kundane har vore på utkikk etter.
– Halvparten av kundane i går spurte etter bjørkeved. Det har vi ikkje, men vedbrikettar er ei god erstatning. To vedbrikettar tilsvarer ein kubbe bjørkeved, seier Ravnskog og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg ser på Facebook at det er fleire som etterlyser ved, og det kan verka som at det er fleire enn oss som har gått tom for bjørkeved.
Dobla salet sist veke
Gjennom vinteren, har ved-salet på Plantasjen vore jamt, men det eskalerte sist veke.
– Det var nok etter at TV 2 hadde ei sak om at det var vedmangel. Mange ønskte nok å sikra seg ved då. Dei siste vekene har vi selt kring 16 pallar i veka. Førre veke selte vi 36 pallar. Det er første gong vi har vore utselt i vinter, seier Ravnskog.