Trur ikkje det spøker for brua
Ordførar Terje Søviknes trur ikkje dei nye kostnadsoverslaga for Bjørnefjordsbrua vil stansa prosjektet.
- Nei, eg reagerer ikkje på tala som kom fram i samband med Grunnlagsdokument Nasjonal Transportplan 2018-2029. Tvert imot er eg glad for å sjå at prosjektet er prioritert og med i planane, seier ordførar Søviknes.
Om kostnaden for brua over Bjørnefjorden seier han dette:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg ser brumotstandarar snakkar om at kostnaden har auka frå 12 milliardar til 39 milliardar. Etter det eg kjenner til var prisen i overkant av 19 milliarder, men uansett: Her meiner eg at ein samanliknar eple og pære. Den første prisen var på Bjørnefjordsbrua og berre den. Det nye anslaget som er gjort er for heile Hordfast frå Stord til Mobergsbrua, seier ordføraren.
Har variert
Prislappen for Bjørnefjordbrua har variert både i høve til kva type bru ein har snakka om, og ilandføringspunkt etc. I 2012 oppgav vegvesenet prisen på midtre trasé til 19,3 milliardar kroner. Dette innebar bru over Langenuen mellom Levåg ved Sandvikvåg og Reksteren og ei fem kilometer lang flytebru frå Reksteren til Os-sida.
Vil framskunda
Søviknes noterer seg også at det vert prata om oppstart i 2024. Dette meiner ordføraren er noko seint.
- Det kan godt tenkjast at det vil ta så lang tid før alle prosesser er gjennomførte, men frå vår ståstad vil me jobba for å framskunda prosessen slik at ein kanskje kan få byggjestart i 2021. Det vil me mellom anna bidra til ved å ferdigstilla kommunedelplanen i løpet av 2016. Når den er klar, vil det også bli lettare å rekna seg fram til meir eksakte tal for kva heile prosjektet vil kosta.