Øystein Skår og Monika Serafinska frå Fylkeskonservatoren var på staden måndag for å sjå på funnet.
Øystein Skår og Monika Serafinska frå Fylkeskonservatoren var på staden måndag for å sjå på funnet.

- Truleg Grønlandskval

- Dette er eit veldig spennande og sjeldant funn, og Grønlandskvalen er faktisk det einaste skjelettet som manglar i samlinga vår, seier kvalforskar Anne Karin Hufthammer.

Ute på Storum står arkeologane Øystein Skår og Monika Serafinska frå Fylkeskonservatoren og studerer dei enorme kjevebeina som truleg har tilhøyrt ein Grønlandskval som levde under istida.

- Dette er eit naturhistorisk funn, og slik sett strengt tatt ikkje vårt fagfelt. Men det var eit så spanande funn at me måtte ned og sjå på det likevel, seier Skår og Serafinska.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvalen, som i dag er sterkt truga, har verdens største kjevebein.

- At kjevebeina er så store har nok gjort det lettare for gravemaskinføraren å sjå beina. Han har uansett vore veldig dyktig som såg kva dette kunne vera og sa i frå om det, seier kvalforskar Anne Karin Hufthammer.

Ut frå ryggvirvelen ser det ut som ein Grønlandskval, men det finst også ein sjanse for at det kan vera Blåkval eller Nordkaper.

Grønlandskvalen er den kvalen som lever lengst mot nord. Han har ein tjukk skalle som han bruka til å knusa isen når han treng luft.
Grønlandskvalen er den kvalen som lever lengst mot nord. Han har ein tjukk skalle som han bruka til å knusa isen når han treng luft.
Denne rygghvirvelen gjer det lettare å stadfesta kva kvaltype det kan dreia seg om.
Denne rygghvirvelen gjer det lettare å stadfesta kva kvaltype det kan dreia seg om.
Funn av 12000 år gamal sjøsand gjev ny kunnskap om lokalt dyreliv.
Funn av 12000 år gamal sjøsand gjev ny kunnskap om lokalt dyreliv.
I denne gropa på Storum var kvalen funnen.
I denne gropa på Storum var kvalen funnen.

- Det er stort sett Grønlandskval me finn frå denne tida, så det er mest sannsynleg, legg ho til.

Blir grave ut i løpet av veka

Ho var også i felten på Storum i dag og hadde eit møte med entreprenør Veidekke. Der vart dei einige om at det som forhåpentlegvis er eit intakt kvalskjelett skal gravast ut i løpet av veka. Elles held gravearbeidet fram som før.

- Me skal vera med og observera arbeidet, før alle beina blir frakta til museet for vidare undersøkingar, seier ho.

Geolog John-Inge Svendsen konstaterer at det er funne havsand i tilknyting til kvalen.

- Kvalen har lege lenge på sandbotn før blåleire-avsetning frå isbreen har pakka skjelettet inn. Me snakkar om avslutninga på istida, då mellom 12. - og 14.000 år sidan. På den tida låg havet 55 meter høgare, og havet nådde opp til der flyplassen på Ulven er i dag. Kvalen har truleg lege på 10 meters djupne, seier Svendsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje sidan 1947

- Under istida var Grønlandskvalen i vatnet det mammuten var på land. Det er eit tidstypisk istidsdyr. Ein må tilbake til 1947 for å finna eit tilsvarande funn som dette. Dette funnet har svært stor forskingsverdi, seier Hufthammer.

Blant anna kan eit slikt funn seia mykje om kva klimaforhold som eksisterte då kvalen levde, og kva naturmiljø ein hadde i Os på den tida.

- I havsanden vonar me å finna bein, men det er i alle fall funne skjell, som me kan datera og artsbestemma, seier Hufthammer.

Samlinga på Naturhistorisk Museum i Bergen er ei av dei største i verda. Der har dei alle slag kvalar i Atlanterhavet - med unntak for Grønlandskvalen.

- Det hadde vore veldig kjekt om me kunne få dette skjelettet inn i samlinga vår som opnar i 2019. Og ingen av dei andre kvalskjeletta er funne i Hordaland, så det er litt ekstra spanande, seier ho.

VISSTE DU AT: Grønlandskvalen kan bli bortimot 200 år gamal, og er dermed det pattedyret på jorda som lever lengst.