Truga mora på livet
Ein mann i 30-åra er dømt til fengsel for m.a. å ha framsett dødstrugsmål i rusa tilstand.
I slutten av september fann rettssaka mot osingen stad i Nordhordland tingrett. Blant dei mest graverande forholda han stod tiltalt for var å ha framsett trugsmål mot mora og broren sin. Han uttalte mellom anna at han skulle knekka nakken og fingrane hennar, kasta henne utanfor altanen og øydeleggja bilen hennar, dersom ho stakk av. Tilsvarande vart sagt om og til broren.
Den tiltalte forklarte seg med at han var rusa då dette skjedde i 2013, og la til at han aldri ville ha gjennomført handlingane. Retten vurderer at rusen ikkje har noko å seia for skuldspørsmålet. Cannabis og heroin er noko av det han har brukt, i tillegg til midla han får gjennom LAR-programmet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stygg køyring
I januar 2014 fekk politiet melding om at tiltalte var observert køyrande i ein bil på veg frå Bergen mot Os. Han har aldri hatt førarkortet. Ein lokal politimann kjende att tiltalte då han køyrde fordi. Patruljen sette på blålysa, men tiltalte akselerte, slik at politiet måtte bråbremsa for å unngå kollisjon. Politiet tok opp jakta, men mannen køyrde uforsvarleg. Han braut fartsgrensa og hadde nokre stygge forbikøyringar. Deretter la bilen seg over i feil køyrebane, sjølv om det kom motgåande trafikk. Dei andre bilane måtte ut i grøfta for å unngå kollisjon. Etter dette valde politiet å gje opp å stoppa han.
Få dagar seinare vart han teken i ein automatisk trafikkontroll. Då hadde han køyrt i 113 km/t i 60-sona.
Straffa
Fleire forhold er formildande. For det første har han erkjent skuld. Dessutan har saka lege på vent i to år, utan at det var den tiltaltes skuld. I seinare tid har han dessutan ikkje gjort nye lovbrot. Tiltalte forklarte i retten at dette var fordi han har vore rusfri.
Straffa vart deretter sett til 4 månader i fengsel, ein bot på 5.000 kroner og inndraging av slåsthanskar og ein batangakniv. Sakskostnader vart ikkje idømt, då domfelte er fattig.