Wing Wah Hui og Trond Mohn eig no 45% kvar av Fusa-verksemda Vestlandske Limtreindustrier AS.
Wing Wah Hui og Trond Mohn eig no 45% kvar av Fusa-verksemda Vestlandske Limtreindustrier AS.

Trond Mohn ny storaksjonær i Vestlandske Limtreindustri AS

Trond Mohn har kjøpt seg inn i limtre- og byggevareprodusenten Vestlandske Limtreindustrier AS.

- Mohn blir etter kjøpet av 45% av aksjane ein av dei største eigarane saman med Wing Wah Hui som også har 45%, opplyser Fusa-verksemda i ei pressemelding.

Saman med eigarane Modgunn Ådland og Jan Laupsa, som eig 5% kvar, ser dei no fram til å vidareutvikla verksemda monaleg i tida som kjem, går det fram av pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestlandske Limtreindustri AS produserer til byggebransjen og leverer over store delar av landet. Verksemda har 26 tilsette.

I pressemeldinga står det at "Trond Mohn saman med eksisterande eigarar vil bidra til å sikra arbeidsplassane og vidareutvikla verksemda til å bli ein endå sterkare aktør i byggebransjen".

Dagleg leiar Gunnar Utskot er svært nøgd med nyhendet, og ser fram til å utvikla verksemda vidare saman med eigarane.