Treningssenter blir stengde for folk frå andre kommunar
Treningssenter over heile landet kan frå torsdag ikkje lenger sleppa inn folk frå andre kommunar.
Treningssentera vil berre vera opne for innbyggjarane i kommunen, for rehabilitering, individuell trening og behandling.
Regjeringa innfører samtidig forbod mot innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak av profesjonelle toppidrettsutøvarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Symjehallar skal stengjast, men kan ha ope for mellom anna barn på symjetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering.