Kommunekomiteen: Frå venstre - Yvonne Remes, Anne Frotveit, Hildegunn Myrlid Eide, Trine Lindborg og Stine Kobbeltvedt.

Treng fleire hender for å hjelpa barn i krig og konflikt

Manglar “haugevis” av bøsseberarar.

Det nærmar seg årets TV-aksjon. 22. oktober skal bøsseberarar gå rundt i langstrekte Bjørnafjorden kommune, og kommunekomiteen opplyser at det er behov for eit mannskap på 200 personar.

Så langt er det svært få som har meld seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg har ei bøn til mine sambygdingar, seier leiar i Os frivilligsentral, Stine Kobbeltvedt.

— Vi har om lag 50 bøsseberarar og manglar altså ein god del.

Handballgruppa i Os Turn skal bidra også i år. Komiteen håpar at kanskje fleire idrettslag vil hiva seg på.

Ordførar Trine Lindborg seier at innsamlingsaksjonen er eit fint høve til ein søndagstur med meining for familiar.

— Det er ei fin moglegheit til å snakka med borna, og la born få hjelpa born, seier ho.

Spesielt på Os-sida manglar det bøsseberarar. Leiar for Fusa frivilligsentral, Hildegunn Myrlid Eide, fortel at dei har organisert seg litt annleis på den andre sida av fjorden.

— Eg har éin person som har ansvar for å organisera i kvar bygd - sju i talet. Men også vi manglar nokre bøsseberarar.

— Slik ønskjer også vi å få organisert oss, skyt Kobbeltvedt inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er fleire skular som bidreg til aksjonen kvart år, med innsamling og sal i forkant av aksjonen. Dette er også tilfelle i år.

På Fusa-sida blir det utlevering av bøsser på frivilligsentralen, og innlevering i Bruktbuo. På Os-sida er det både ut- og innlevering på frivilligsentralen.

— Om vêret er som i dag, lovar eg god bakst til alle som er ute og går, smiler Kobbeltvedt.

Årets TV-innsamling går til Redd Barna, og “La barn leve i fred”. Kvart sjette barn i verda veks opp i krig og konflikt. Pengane skal fordelast mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, Den demokratiske republikken Kongo og Norge. I Norge skal ein hjelpa barn som har flykta frå krig og konflikt.