Treng du inspirasjon?: Her er dei mest populære namna i året som gjekk
Fleire namn går att frå året i førevegen.
Nora er blant dei mest brukte jentenamna sidan tusenårsskiftet, og var tilbake på namnetoppen i fjor. 416 jenter fekk namnet Nora i fjor.
I 2019 var det Jakob eller Jacob som var det mest populære namnet, og det var det også i fjor. Heile 422 gutar fekk dette namnet i året som gjekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ved å følgja denne lenkja kan ein sjå utvida tabell om namneval. Tala kjem får Statistisk sentralbyrå (SSB). På lista finn ein gjerne inspirasjon, eller ser kva namn ein bør unngå, om ein vil nytta eit namn som ikkje så mange andre har.
Topp ti, jente- og gutenamn 2020:
1. Nora/Norah
2. Emma
3. Ella
4. Maja/Maia/Maya
5. Olivia
6. Emilie
7. Sofie/Sophie
Artikkelen held fram under annonsen.
8. Leah/Lea
9. Sofia/Sophia
10. Ingrid
GUTENAMN
1. Jacob/Jakob
2. Emil
3. Noah/Noa
4. Oliver
5. Filip/Fillip/Philip/Phillip
Artikkelen held fram under annonsen.
6. William
7. Lucas/Lukas
8. Liam
9. Henrik
10. Oskar/Oscar