Treng avlasting til Tøsdals-parkeringa
Med stadig meir trafikk på Tøsdal ser grunneigar Torbjørn Tøsdal no behov for alternativ parkering i området.
At turglade osingar strøymer til Tøsdal og det nye, flotte turområdet i Osmarka skulle i utgangspunktet berre vera positivt, men for bebuarane langs med vegen, og grunneigarane inst i dalen er all trafikken i ferd med å bli eit problem.
- Det er kjekt at folk går på tur og vil kjappast mogleg innover mot nye Knutabruo og turstien mot Nordmarka, men denne parkeringa er i utgangspunktet laga for turgåarar som skal mot Linken eller andre plassar i fjellet. Når alle vil inn her og parkera, vert det kaos, seier grunneigar Torbjørn Tøsdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rusta opp
Parkeringsplassen han snakkar om ligg inst i dalen like nedanfor huset der han bur.
- På finvêrsdagar i helgane kryr det av bilar som vil parkera her. Då står dei gjerne side om side langs med vegen innover. Det er ikkje så kjekt for oss som bur her, seier han.
Os kommune leiger området der parkeringsplassen er lagt. I fjor vart plassen både opprusta og utvida.
- Tidlegare var det plass til sju bilar her. I dag er det plass til 22. Men med alle turgåarane som skal til Osmarka, vert det rimeleg kjapt fullt. Det er tydeleg behov for fleire parkeringsplassar i tilknyting til Osmarka, seier Torbjørn Tøsdal.
Tråkkar på innmark
Han vil nødig høyrast sutrete ut, men reagerer også på at mange av turgåarane ikkje er så flinke til å lesa skilt.
- I lag med kommunen har me sett opp skilt både på Nordmarka-stien og her ved parkeringsplassen. Begge stader står det at det ikkje er tillate å gå på innmark. Likevel tråkkar folk over jordet her støtt og stadig. Det er ikkje greitt, sukkar Tøsdal.
Sjølv medan me står og skal ta bilete, kjem ein person gåande på den opptråkka stien mellom parkeringsplassen og turvegen til Nordmarka.
- Las du ikkje at det ikkje var lov å gå på marka her? spør Tøsdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Å, gu'. Nei, det såg eg ikkje. Eg skal ikkje gjera det igjen. Beklagar så mykje, seier den forbipasserande audmjukt.
- Det kan jo tenkjast at ho ikkje såg det. Eg håpar i alle høve at folk skjønar meldinga. Ifølgje Friluftslova er det berre lov til å gå over innmark mellom 15. oktober og 30. april, men berre dersom det er snø eller frost på marka. På dagar som i dag, skal ein altså ikkje gå her, poengterer Tøsdal.
Klage på høg fart
På parkeringsplassen møter me Andreas Søfteland frå Opptur Motbakkeklubb. Han kan skriva under på at området til tider er over-trafikkert.
- Det høyrer til unntaket at me finn ledig plass på parkeringa her inne. I helgane er det heilt håplaust, fortel motbakkeløparen, som denne dagen er på veg til Linken.
- Det er jo ikkje slik at me har einerett på å parkera her inne, men slik eg har forstått, det er denne plassen i utgangspunktet for dei som skal i fjellet, seier Søfteland.
Men også Opptur-folket har fått høyra det på Tøsdal.
- Det var ein måndag for nokre veker sidan at ein nabo måtte seia i frå. Enkelte av dei heldt altfor høg fart innover vegen her, fortel Tøsdal.
- Ja, no var ikkje eg her, men det kan ha vore ein som var sein for kveldstreninga vår. Eg skal i alle høve seia frå til medlemene våre. Me skal sjølvsagt ikkje rasa av garde innover på desse smale vegane her, seier Søfteland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eigna plass
For å dempa det trafikale presset inst i dalen er Torbjørn overtydd om at alternative parkeringsplassar må på plass nærare turområdet i Osmarka. Området som peikar seg ut er ved stallen der alle trea er hogd ned.
- Eg ser for meg at det må koma ein parkeringsplass i Prestegardsskogen der borte, seier Tøsdal og peikar bortover jordet der all skogen no er borte. Dersom Os kommune hadde fått laga til ein parkering der, ville folk som skal til Knutabruo hatt kortare veg. Dessutan ville trøkket med bilar innover her minska markant, poengterer Tøsdal.
Han veit Os kommune og 'brukameratane' har diskutert saka. No håpar han det vert ei løysing.
I Os kommune er dei godt orientert om den aukande trafikken til turområda på Tøsdal. Kommunen er førebudd på å gjera tiltak for å betra situasjonen.
- Neste veke skal me i kultureininga og teknisk drift ha eit møte med nokre grunneigarar i Tøsdalsvegen. På programmet står mellom anna drøfting av tiltak for å dempa trykket på parkeringsplassen inst i Tøsdal, samt å høyra om deira oppleving av trafikksituasjonen per dags dato, seier koordinator for idrett og friluftsliv i Os kommune, Tom Leonsen.
Han legg til at han forstår at Torbjørn Tøsdal no seier i frå.
- Torbjørn har vore svært løysingsorientert og villig til å leggja til rette for turgåarar på Tøsdal. Når han no seier i frå om at det vert for mykje trafikk, må me ta dette på alvor, seier Leonsen.
Mellombelse løysingar
Leonsen fortel at dei har fått meldingar frå bebuarar i Tøsdalsvegen som har observert på bilistar som held høg fart på vegen, og som parkerer i grøfter og på private parkeringsplassar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Tøsdalsvegen er ein smal, kommunal veg som ikkje er laga for stor trafikk. Det er viktig at turfolket er merksame på dette når dei køyrar innover, seier Leonsen.
- Det er hogt ned ein del skog ved stallen i Prestegardskogen. Er dette ein aktuell plass å byggja ein ny, stor parkeringsplass?
- Eg trur me i første rekkje skal sjå på kortsiktige, mellombelse løysingar, men eit slikt alternativ kan sjølvsagt diskuterast, men då i lengre perspektiv.
Eit anna alternativ er å få folk som bur i nærleiken til å droppa å køyra inn til Osmarka, og heller kasta seg på sykkelen, eller gå inn til fots.
- Men er det realistisk å tru at ein klarer å få folk til å gjera dette?
- Me kan jo håpa. Det er jo trim ein er på jakt etter, er det ikkje?