Trekkjer søknaden til Arendal kommune. Blir verande i Bjørnafjorden.
— Eg har i dag meldt til ordføraren i Arendal at eg trekk søknaden min som kommunedirektør der, seier Christian Fotland.
Kommunedirektør Christian Fotland har vore ein av søkarane til stillinga som kommunedirektør i Arendal kommune, men har no trekt søknaden.
— Prosessen i Arendal har vore spennande og lærerik. Etter ei totalvurdering ønskjer eg å jobbe vidare med å skape gode kvardagsliv for alle innbyggarane i Bjørnafjorden kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det opplyser han på Bjørnafjorden kommunes heimeside.
— Bjørnafjorden kommune har store utviklingsmoglegheiter både for næring, bustad og tenesteutvikling. Dette kjem til å bli veldig spennande i åra som kjem og noko eg ønskjer å vere ein del av.
— Eg ser fram til å samarbeide med både tilsette, politikarar og innbyggarar dei neste åra, avsluttar Fotland.