Trekantdrama utanfor Catten
Politiet måtte gripa inn etter at to unge menn hamna i slåstkamp utanfor Catten på Osøyro i natt. Dei var båe interesserte i same dama.
Klokka kvart over 3 i natt melde politiet frå om hendinga som skjedde utanfor Catten på Osøyro.
- To unge menn slåst om same sama. Dama gjekk heim, sjarmørane vart pålagt å gå kvar til sitt, melde politiet på Twitter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Operasjonsleiar Janne Steimler Sætre seier at politiet vurderte at den eine mannen slo den andre, og førstkomande uttalte at han ville politimelda valden.
- Det var litt uklart for politiet kven som hadde starta det heile, og kva som hadde skjedd. Politiet gav den eine mannen pålegg om å forlata staden. Det blei oppfatta at han kunne bli ein risiko for fleire ordensforstyrringar, seier Sætre.