Tredoblar kapasiteten
Lysefjorden mikrobryggeri ekspanderer i både liter og kilometer. - Samstundes som vi aukar produksjonen monaleg, blir ølet vårt distribuert nasjonalt, seier sals- og marknadsansvarleg, Camilla Brekke Dalland.
Då brygge-gjengen frå Lysefjorden starta opp i 2014, brygga dei 600 liter i månaden. No skal dei produsera 3.600 liter i veka, eller ca 14.000 liter i månaden.
- Vi har sagt at vi skal produsera 20.000 liter i månaden, og kjem til å bruka våren til å ekspandera. Vi held på og byggja eit heilt nytt bryggehus, med 1.800 liter kapasitet, og skal bryggja to "batch" i veka. Med fleire bryggedagar i veka kan vi regulera produksjon etter etterspurnad. Vi må kanskje tilsetja fleire for å kunna møta etterspurnaden slik det ser ut i dag, seier Brekke Dalland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nasjonal ekspandering
Samstundes med utviding av bryggeriet, skal lysefjordingane lansera ølet sitt nasjonalt.
- Førebels har me berre selt i Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi har berre såvidt klart å levera nok til å møta etterspurnad frå daglegvare-bransjen og HoReCa (Hotell, restaurant, catering og reiselivs-bransjen, journ.mrk.). Med auka kapasitet vil me no utvida, og planlegg ekspansjon til Austlandet og påfølgande til Sørlandet, seier Brekke Dalland og legg til:
- I tillegg står vi på tilleggsutvala til polet nasjonalt. Det vil seia at kundane må etterspørja Lysefjordens produkt og be dei tinga varene.
Samarbeid med kjent øl-bloggar
I helga var Lysefjorden mikrobryggeri på Bergen Internasjonal Whiskey & Beer Festival. Der hadde dei ein Russian Imperial Stout som dei har bryggja i begrensa opplag.
- Vi hadde ei utruleg fin helg. Arrangementet gjekk av stabelen på Scandic Bergen City. Stouten vi brygga er laga på whiskey-fat, og med oss i prosessen var ein av dei største ølbloggarane i verda, Simon Martin, som står bak Real Ale Craft Beer Channel på YouTube. Vi laga 400 flasker, og dei som smakar på ølet, er invitert til brygging hos oss for å læra meir om prosessen, seier Brekke Dalland med eit smil.
Skårar høgt blant forbrukarar
Lysefjorden mikrobryggeri har sidan oppstarten hausta god kritikk for ølet sitt. I fjor gjekk dei til topps i kåringa av årets tradisjonsøl, og kom til finalen i Det Norske Måltid. Kanskje minst like kjekt er det å sjå at forbrukarane set pris på ølet dei lagar.
- På Untappd kan ein rangera ølet ein drikk, og dela erfaringa med andre ølhundar i Noreg. Nett no er Red Ipa-en vår rangert som nummer fem i Noreg i sin kategori. I tillegg er vår IPA nummer ti i sin kategori. Dette er utruleg kjekt. Dei som kjem med tilbakemeldingar er øl-entusiastar. Det betyr mykje for oss at dei set så stor pris på ølet vårt, seier Brekke Dalland.