Tre velta. Tok med seg straumlinjer og lyktestolpar
Søndag kveld kom det melding om at eit stort tre hadde velta over vegen i Borgavegen.
– BKK vart varsla. Dei ville ta seg av oppdraget. Brannvesenet avventa, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.
Treet tok med seg straumlinjer og lyktestolpar, og det var på eit tidspunkt ikkje mogleg å passera med bil.