Tre vatn har ikkje god nok is
Så langt har brannvesenet konkludert med at nordlege enden av Ulvenvatnet ikkje har farbar is, og heller ikkje Vindalsvatnet eller Bjørnevatnet.
I dag tok brannvesenet i Os til med å måla kor tjukk isen er påni utvalde vatn i Os. Varabrannsjef Arne Monsen seier at dei ikkje vert ferdig med arbeidet i dag, men at så langt har dei kontrollert fem vatn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Varabrannsjef Arne Monsen seier at dei ikkje vert ferdig med arbeidet i dag, men at så langt har dei kontrollert seks vatn.
Status så langt
Vindalsvatnet: Ikkje farbar is
Ulvenvatnet: Sørenden farbar, nordenden ikkje farbar
Bjørnavatnet: ikkje farbar is
Strønevatnet: Farbar is
Banktjørno: Farbar is
Gåssakilen: Farbar is
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei vatna som brannvesenet ikkje har fått undersøkt enno er Tveitavatnet, Lekvenvatnet og Langavatnet.
- Det tek tid dette. Ein må borra fleire hol i isen, og samtidig skal det vera trygt for brannvesenet å gjera jobben, seier Monsen.