Tre valdsepisodar siste døgnet
Politiet har hatt tre valdsepisodar å hanskast med siste døgnet.
Kl. 1740 i går i området Tøsdalskiftet blei ein buss stansa av ein mann som stod midt i vegbanen.
- Då bussen stansa og opna døra, kom vedkomande inn. Vedkomande var aggressiv og sjåføren opplevde hendinga som ubehageleg og ville ringja politiet. Då blei mannen rasande og tok tak i armen på bussjåføren, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite .
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannen forsvann deretter ut døra. Forholdet vil bli meldt.
Natt til laurdag, ca. kl. 01, måtte politiet skilja 3-4 personar i Os sentrum på grunn av amper stemning. Ein person blei kasta ut frå utestad, og politiet fjerna vedkomande frå sentrum.
- Dei involverte er menn i 30-åra, opplyser Fimreite.
Kl. 02.18 observerte politiet at ein person slo til en annan ved ein utestad i Os.
- Det blir oppretta sak for kroppskrenking. Mistenkte er mann i 30-åra, fortel Fimreite.