Tre utan bilbelte
Fredag morgon hadde Statens Vegvesen bilbeltekontroll ved gamle brannstasjonen i Os. Tre fekk forenkla gebyr.
Trafikkontrollen starta i halv ni tida. Då «Os og Fusaposten» var bortom i halv elleve-tida var tre bilistar bøtelagt for manglande bruk av bilbelte. Forgløyminga kosta dei 1.500 kroner kvar.
- Generelt sett er folk blitt mykje flinkare til å bruka bilbelte enn berre for nokre år sidan, men det er stadig vekk unntak, seier kontroll-leiar Svein Olav Nymark.
Artikkelen held fram under annonsen.
To bilar avskilta
I samband med bilbeltekontrollen tok gruppa frå Statens Vegvesen også enkelte stikkprøver på teknisk stand. 14 bilistar fekk påpakning for manglar. To gjekk det verre med.
- Me stansa ein som ikkje hadde betalt for omregistrering, og ein som ikkje hatt bilen på EU-kontroll i tide. Begge bilistane måtte sjå bilane sine bli avskilta, fortel Nymark.
Han la til at dei kom til å vera i Os litt utover dagen.
- Me blir i området, men eg vil natureleg nok ikkje seia kvar, smiler Nymark.