Tre UP-kontrollar i Os tysdag: Dette vart resultatet
UP stilte seg opp tre plassar i Os tysdag.
Frå litt før klokka 18.00 var UP på plass i 70-sonen på Byvegen. Her vart éin førar bøtelagt for bruk av telefon under køyring.
Frå klokka 18.38 og litt utover kvelden hadde dei laserkontroll i 50-sona ved Ulven leir. Her vart heile 14 personar stansa og servert forenkla førelegg. Høgste målte fart her var 73 km/t.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avslutningsvis var UP inne i Hegglandsdalsvegen. Her hadde dei kontroll i 50-sonen. Fire sjåførar rauk på og godtok forenkla førelegg på staden. Høgste fart var 66 km/t.