Elev: Ei jente i tenåra som er elev ved Os vidaregåande skule er ei av dei som har fått påvist smitte.

Tre skuleklassar i karantene etter påvist smitte

To personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går.

Ei jente i tenåra som er elev ved Os vidaregåande skule er ei av dei som har fått påvist smitte. Alle nærkontaktar er varsla og tre klasser ved skulen er i karantene. Smittevegen er kjend frå Bergen.

Den andre som har fått påvist smitte, er ei kvinne i 20-åra. Smittevegen her er ukjend. Alle nærkontaktar er varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle positive prøver for covid-19 i vår region blir no sende til såkalla heilgenomsekvensering for å undersøkja om viruset er av ein mutert variant. Begge desse positive prøvene blir sende til vidare analyse på Haukeland universitetssjukehus, og vi ventar svar innan fem dagar, seier kommuneoverlege Klaus Melf.