Lepsøykrysset: Tre personar må grava djupt i julepungen etter å ha blitt stoppa av politiet her.

Tre personar mista julebudsjettet i Lepsøykrysset

9.700 kroner for ikkje å ha stoppa skikkeleg svir godt i julepungen.

Tysdag ettermiddag i halv tre-tida gjennomførte politiet ein kontroll av stoppskilt i Lepsøykrysset. Tre personar fekk kvart sitt førelegg på 9.700 kroner.

Eit par timar tidlegare heldt dei trafikkontroll på Søfteland. Her vart det delt ut ni forenkla førelegg, og høgste målte fart var 83 km/t i 70-sona.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 12 tysdag var politiet på plass med laseren i 50-sona på Lepsøyvegen. Det vart delt ut fire forenkla førelegg og høgste målte fart var 59 km/t.

Dagen starta litt før klokka ni då politiet og Statens vegvesen gjennomførde ein ruskontroll i Kolskogen. Her vart 127 tunge og 57 lette køyretøy kontrollerte.

Det gjekk nesten prikkfritt, men éin person fekk gebyr for manglande førarkort.